tirsdag 2. juni 2015

Om å vere ein reddande engel. Eventuelt å redde ein engel.

Marley vart redda frå gatene i Sarajevo i august 2012. I dag har han det godt i East Sussex i England. Niobe kjem også frå Bosnia, men er i dag i dei beste hender i Milano i Italia.


Begge hundane er adoptert gjennom AWA Bosnia. Dette er ein seriøs organisasjon, både Mette L. og eg har adoptert hundar herifrå. Det er ei historie som eg skal utbrodere seinare. Mette L. er forresten også involvert i arbeidet til AWA Bosnia. Ho har eit stort engasjement, den dama. :)

Kanskje kan adopsjon vere noko for deg? Du finn oss på Facebook, her skriv Mette L. om mange av hundane som du kan hjelpe. På FB finn du også AWA Bosnia Dogs & Cats for Adoption. I bildemappa ser du mange skjønne dyr som kan adopterast. Dersom du ikkje har høve til å adoptere, så er det mogeleg å fjernadoptere. Det vil seie at du dekker heile eller delar av utgiftene til eit sømeleg hundepensjonat for dette dyret. Vurder det! For det dyret du hjelper så har det alt å seie!

Her ser du Niobe og Marley i litt dårlegare tider:



Sjå det blikket til Marley. Det kan smelte hjarta til den mest sjølvsentrerte nordmann. Håper eg da. :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar